Intro/mellomspill: Kor djup vår Faders kjærleik er Ja, større enn vi fattar For oss Han gav sin eigen Son Og berga sine skattar Ei smerte frå det største tap Hans kjæraste vart ofra Og såra på ein piska kropp Dei syner veg til æva Eg ser på mannen på ein kross Det dryp frå tornekrona Eg høyrer stemmer, rop om spott Og skammar meg ved orda Det var mi synd som heldt Han fast Så eg kan gå heilt urørt Eit siste andedrag Han tok No veit eg det er fullført Eg vil ei fylla hjarta mitt Med jordas makt og pengar Hos Gud eg manglar ingenting Eg ligg i grøne enger Kvi får eg nåde stor kvar dag? Eg evner ikkje svara Men, Fader lat meg alltid i Din djupe kjærleik leva Siste refreng: x2